torsdag 24. september 2009

Å teikne det du ser: Eple og jif - flaske på svart kasse

Refleksjon pr. 24. september 2009
Under første del av oppgåva laga eg først konturlinjer, men måtte sjølvsagt arbeide med flatene for å formidle eit tredimensjonalt uttrykk.
Eg valde å arbeide med pensel, og svart og kvit maling for å få fram skuggeverknader og djupne i arbeidet mitt. Eg opplevde det vanskeleg å få til den avrunda forma på jif-flaska ved hjelp av pensel. Ein mjuk blyant vart difor brukt på flaska. Dette syntest for meg etter kvart nokså mislukka. Innhaldet i flaska er jo flytande og vil venteleg bli kommunisert betre med flytande farge. Eg har difor tenkt å arbeide vidare med maling sjølv om eg kjenner meg svært usikker med ”pensel i hand”. Kanskje eg då greier å få betre til graderte overgangar for å definere dei runde formene. Elles ser eg ser at flaska har fått litt for kort hals, at linjene i biletet ikkje er heilt rette og at skuggane….- vi får sjå om litt meir arbeid fører til eit betre resultat, eller meir ”klatting”.
Posted by Picasa

Arbeidskrav 1, OPPGÅVE 1 Visuelle verkemiddel og visuell bodskap

Refleksjon:
Det var utfordrande for meg å prøve å formidle det eg vanlegvis opplever med hudkontakt (mjuk, kvass) og høyrslesans (rytme, bråk) i visuelle uttrykk.

Eg formidlar klårast mjukt, mildt og bleikt meiningsinnhald med reiskapar som gjev mjuke strekar / flater. For dei to første adjektiva sin del (mjuk, mild) vil eg framheve funksjonar som balanse og harmoni.

Det rytmiske, kvasse, kontrastfylte og bråkete (rytme, kvass, kontrast, bråk) blir i mitt arbeid formidla tydelegare med hardare reiskapar der rytme og kontrast er sentrale funksjonar.

Størst utfordring for meg var å formidle det eg assosierer med sjukt, slapt og karakterlaust,- altså bleikt, - i motsetning til det lyse. Eg prøvde med mjuk blyant å formidle noko utflytande på ei elles ubrukt flate.
Posted by Picasa

Tilbake i kvardagen

Hei, og takk for kjekke og lærerike dagar på Sunnmøre! Eg ser på studieplanen at det ikkje blir problem med kva ein skal bruke ettermiddagane til framover.

For min del tenkjer eg meg at eg legg ut på bloggen arbeid / refleksjonar som eg ikkje nødvendigvis er ferdig med. Det er nyttig med tilbakemeldingar både på fotodokumentasjon og det skriftlege. For min del blir det å prøve seg fram når det gjeld eige arbeid med oppgåvene. Røynslene mine når det gjeld kunstnarlege uttrykk er ikkje mykje å skryte av!