onsdag 25. november 2009

Arbeidskrav II, oppgåve 2, Visuelle kulturuttrykk for born




Denne forteljinga etter den italienske forfattaren, Gianni Rodari (1920-1980), har eg sjølv formidla fleire gonger i skulesamanheng. Eg har sett at forteljinga har fenga born, like gjerne på sju som på tretten år. I 2006 vart forteljinga tilrettelagd og gjeven ut som biletbok på Det Norske Samlaget, illustrert av Lars Aurtande. Eg har ved å nytte denne biletboka i undervisninga, sett at illustrasjonane til denne forteljinga, i tillegg til rein tekst, kan gje sterkare innleving og nye dimensjonar i opplevinga.
Eg er, i ei tid der stadig sterkare sanseuttrykk vert formidla på dataskjermen, oppteken av å halde på og styrke boka og den enkle forteljinga sin plass i skulen. Difor denne todelte grunngjevinga for val av biletboka ”Nasen som stakk av” spesielt, og biletboka som kulturuttrykk generelt.

Eg opplever denne boka som eit uttrykk skapt av rein forteljeglede og ein leiken fantasi. Eg vil ikkje tolke noko underliggande tema eller bodskap inn i forteljinga. Grunngjevinga for dette vil eg vise i det følgjande.

”Nasen som stakk av” er ei kort forteljing om nasen til den vaksne mannen, Børje som kjem frå Bergen. Ein morgon han stod ved spegelen og skulle barbere seg, oppdaga han forskrekka at nasen hans var vekke. Han sprang ut på trappa og oppdaga nasen som sprang bort, heilt til sjøs, skulle det vise seg. Børje og kona greier til slutt å kjøpe ho tilbake av ein fiskar frå Fiskå som hadde fått den i garnet sitt. Nasen viser ikkje stor glede over å bli henta tilbake. Han er nemleg svært fornærma fordi han i lang tid hadde vore plaga av at Børje pilla seg i nasen…

Boka har fem heilsides illustrasjonar fordelte på til saman 27 sider.
Boka si formgjeving viser klart at det er born som er målgruppe. Teksten er ordna i korte, smale og venstrestilte blokker. Fontane er runde og breie, slik at dei byggjer i breidda. Med svært korte linjer, vert dei lette å lese for dei fleste lesande born frå om lag åtte år og oppover.
Språket,- val av ord og omgrep, er ikkje naivt enkelt. Vi finn fleire abstrakte, skildrande ord og uttrykk som born under ti år ikkje vil forstå. Døme på dette er: ”med kurs for”, ”folkemengda”, ”rømlings-nasen”, ”oppløysing”, ”i avsky” med fleire. Illustratøren, Lars Aurtande, greier likevel med dei få bileta sine å tilføre boka ei person- og miljøskildring som gjer boka tilgjengeleg for alle lesande born. Lars Aurtande sine illustrasjonar dekkar kvar side heilt ut. Han nyttar ikkje rammer. Dei korte tekstane på store kvite flater, saman med illustrasjonar som ”flyt” ut av sidene synest eg gir boka ro og rom, - rom også for eigne opplevingar og vidare fantasering. Illustrasjonane til Lars Aurtande er harmoniske på det viset at elementa er klart avgrensa, store og tydelege. Fargane er naturtru og harmonisk tilpassa kvarandre, - gult, orange og rosa (hudfarge) er dominerande. Illustrasjonane er ”moderat” tredimensjonale. I uttrykket ”moderat” legg eg at Lars Aurtande tek vare på det barnlege , todimensjonale uttrykket, samtidig som han gir det djupneverknad ved forsiktig skuggelegging og noko bruk av sentralperspektiv og overlapping.

Den grafiske formgjevaren lukkast etter mi meining på denne måten å understreke at dette er ei forteljing som gir rom og incitament til eiga fantasiskaping. Forteljinga og boka som biletbok er såleis svært open, og plasserer ho etter mi meining i fantasisjangeren. Sjølv om alle personar i boka er godt vaksne, trur eg borna kjenner seg igjen fordi miljøet er kjent, - alle born og vaksne har nase, og dei skjønar at det må vere trasig at den stikk av. Det fantastiske og rasjonelt umoglege vert plassert inn i ein kjent og triviell kvardag slik vi ser det i t.d. dei norske og danske folkeeventyra. Denne boka begynner då også med: ”Det var ein gong..” Det kan jo vere skummelt for eit barn å lese at nasen kan dette av viss du pillar deg for mykje i den. Eventyrforma i forteljinga tek venteleg brodden av denne redsla. Litt skummelt skal det jo vere!

Både tekstforfattar/omsetjar og illustratør nyttar humoren som eit verkemiddel i biletboka. Gjennom å nytte ordspel som ”Børge frå Bergen” og ”fiskaren frå Fiskå” spelar dei på at born i målgruppa elskar rim og ordspel som dette. Ein nase som ”stikk av” er jo også meir ufarleg og sprelsk levande enn ein nase som t.d. dett av. Når det så er ein vaksen mann som misser den, kan barnet roe seg med at dette skjer i vaksenverda og ikkje med dei sjølve. Dei kan godte seg over at ein nase spring bortover mellom bilane, seglar til sjøs og til slutt kjem tilbake til eigaren.

Illustratøren fell ikkje for freistinga til å menneskeleggjere nasen med ansikt, bein og armar. I illustrasjonane får vi ikkje sjå nasen gjere noko. Illustratøren let ikkje nasen vise kjensler. Slike ytringar er det teksten som formidlar. - ”Nasen såg skrått opp på Børge. Den rynka seg i avsky, og sa”…..
Eg synest såleis igjen at illustratøren lukkast med å gje personar og miljø litt kjøt og blod, på same tid som han let det meste vere opp til lesaren sin fantasi. Vi får vere med å fantasere og dikte med. Forfattar, illustratør og formgjevar prøver ikkje å kanalisere eller styre barnet si oppleving og vidare fantasering. Igjen meiner eg at dette underbyggjer mi tru på at formidlarane i denne boka ikkje har nokon dannande baktanke / bodskap. Viss noko av motivasjonen for forfattar og illustratør har vore å framelske den leikande og grenselause fantasien hos born, trur eg at dei har lukkast med det. Nokre vil kanskje meine at denne forteljinga er ei pedagogisk tilrettelagt kommunisering av oppdragelse. – Slik går det med dei som pillar seg i nasen osv -. Dette ville vere å trekke skaparane av boka ned på eit nivå der dei etter mi meining slett ikkje høyrer heime.

Den pedagogisk dannande barneboka der borna skjønar kva som løner seg i verda, og den reine fantasiforteljinga har lenge levd side om side. Denne forteljinga vart første gongen gjeven ut i 1962, i ei tid då samtida sitt syn på born og kulturuttrykk gjerne var farga av at barnet stort sett var eit individ som det skulle gjerast gagns menneske av.
Gianni Rodari som forfattar av litteratur for born formidlar i denne forteljinga, slik eg ser det, barnekulturen som noko ekte og verdifullt, Han ønskjer å formidle og gje rom for den grenslause, barnlege fantasigleda.

Dersom ein skal kategorisere denne biletboka, ”Nasen som stakk av” etter den danske barnekulturforskaren og barnekulturformidlaren, Beth Juncker sitt eige system i hennar barnekulturelle forsking, der ho opererer med to hovudgrupper barnekulturelle paradigmer, ”det normale” og ”det nye”, vil denne biletboka etter mi meining hamne i det som ho nemner som ”det nye paradigmet”.
Dette er kort fortalt kjenneteikna ved at barnet sjølv er eit subjekt, eit kompetent og fullkome individ i si eiga fullkomne verd. Kulturuttrykket er etter det nye paradigmet ikkje motivert ut frå ønskjet om å danne barnet eller gjere det kompetent for vaksenverda. I denne biletboka finn vi estetiske uttrykk, - illustrasjonar av høg kvalitet som inspirerer og utviklar barnet si kreative tenking og skaparevne. Boka har stor eigenverdi som opplevingsbok, -oppleving av ei fantasifull og spennande forteljing, og oppleving av ei estetisk formgjeven bok, der illustrasjonar og tekst framstår som utfyllande element i boka.
Eg les denne boka med eit smil om munnen, kosar meg over humor og kreative krumspring. Som munnleg formidlar av boka til born i målgruppa gler eg meg over at borna skjønar humoren i boka og at den munnlege formidlinga gjev store rom for dramatisering og innspel frå borna sjølve.

Born blir i dag nærast bombardert av visuelle uttrykk. Uttrykka vert formidla sterkt gjennom både høyrsle og syn. Mange av uttrykka er skapte gjennom einarar i formidlingsevne og teknisk kompetanse. Mykje av det kan vi kalle meisterleg kunst. Harry Potter-filmane er etter mi meining døme på det.
Eg trur born også treng kulturuttrykk som dei kan styre sjølve. Dei treng den sjølvinitierte leiken. Dei treng bøker dei kan ta fram når det høver og som dei kan legge frå seg når dei sjølve ønskjer det. Dei treng også, kanskje mest av alt, kulturuttrykk som gjev rom for dialog. Born kan i samvær med medlesar få gitt uttrykk for sine opplevingar. Biletboka gjev dette rommet.

Kjelder:
Beck, Vibeke Preus: ”-Leksjon om visuelle Kunst- og kulturuttrykk for barn, med spesielt fokus på barne-tv, dataspill/Internettspill og bildebøker.”

Mjør/Birkeland/Risa: ”Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar”. Referat frå kapittel 2,
internettartikkel, lasta ned 26.11. 2009.
URL:
http://www.slyngstadli.no/birte/norsk/barnelitteratur.htm

Goga, Nina: ”Storstilt forskningsiinnsats med formmessige svakheter”. – Ein omtale
av Beth Juncker si bok: ”Om processen. Det æstetiskes betydning i børns kultur (2006) Lasta ned 26.11. 2009.
URL:http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=News&file=article&sid=32

søndag 22. november 2009

Foeldreposter siste(?)


Her har eg ordna rettskrivinga, tatt vekk pila til høgre og flytta litt på den vesle teikninga nederst. Eg syns det kom seg.

Bossen




Har her tatt vekk Boss-namnet

Modifiserte forslag av poster og logoar








Eg har laga nokre andre versjonar av logo-oppgåva

onsdag 18. november 2009

Foreldreposter


Denne foreldreposteren skal brukast i desember etter ein periode med digital bildebehandling i Kunst og handverk i 6. og 7. klasse.Målgruppa er kjent, - foreldra. Bilete av eigne born på plakaten gir gjenkjenning og interesse for å sjå nærare på "kva dette er for noko".Eg har valt gradert grå bakgrunn med kvit skrift ("Hurry up") fordi eg brukar fargebilete på plakaten. Plakaten speglar temaet for kosekvelden og har som mål å seie noko om det elevane har jobba med på skulen samtidig som den sjølvsagt skal gje foreldra lyst til å kome.

tirsdag 10. november 2009

Arbeidskrav I Oppgåve 5 Farge







Eg har laga nokre nye variantar av "Logo i ny setting"- oppgåva. Eg har her prøvd nye fargeval for å gjere den nye identiteten tydelegare. Når det gjeld bruken av det kjemiske teiknet / logoen H2O, har eg understreka grunnelementet vatn endå tydelegare ved å bruke ei blå "vassramme" frå Photo Filtre.



Skulefruktreklamen har fått ny bakgrunnsfarge og ramme. Her er også biletet lagra i eit anna format (png) for at teksten skulle bli tydelegare.

søndag 1. november 2009

Arbeidskrav I Oppgåve 5 Farge





Refleksjon:
Dette er eit dørskilt for ein av mine kolleger i Førde, Hugo Høiland. Han er IT-ansvarleg på ein av skulane våre og er følgjeleg "boss" på skulen når det gjeld IT.
Orangefargen er brukt på ein del Boss-produkt og forsterkar det humoristiske ordspelet på dørskiltet han sikkert kunne ha sett opp på kontordøra si...
Oppslaget er laga i Photo Filtre.

Arbeidskrav I Oppgåve 5 Farge












Refleksjon:
Utgangspunktet her er ein kollega som er biologilærar på ein vidaregåande skule. Han brukar forbokstavane sine som signatur. H2O er jo det kjemiske teiknet på vatn og understrekar identiteten hans som biologilærar.
Eg kopierte klesmerket H2O sin logo og laga eit "dørskilt" til han. Eg valde blåfarge på lys grå bakgrunn for å understreke grunnelementet vatn i kontrast til det uorganiske grå.




Oppslaget er laga i Photo Filtre.

Arbeidskrav I Oppgåve 5 Farge








Refleksjon:
Utgangspunktet mitt var ein assosiasjon melleom gratis skolefrukt og gratis PC og digitale lærebøker. Apple er jo eit teknologiselskap med gjennomslagskraft hos dei unge. Logoen er kjent, og mange unge vil nok klikke på det raude og attraktive eplet for å sjekke om der ligg ein link til Apple. Eg tok utgangspunkt i ein Apple- rainbowlogo og endra fargen til raud med blå bakgrunn. Det grøne bladet beheldt eg som det var for å halde på Apple-tanken. Teksten kunne vel like gjerne vore:
"Smak på Apple, du også",
- eller: "Ta ein bit du også!"
Dei to siste ville då vere reine Apple-reklamar.
For dei utan kjennskap til Apple-logoen, ville biletsymbolet vere relevant som illustrasjon til
skolefruktordninga.
Oppslaget er laga i Photo Filtre.

mandag 26. oktober 2009

Logo

Eg tok utgangspunkt i forbokstaven min, stor R, og hadde som intensjon å lage eit bilde der tekst- og logoelementa stod fram som ein heilskap. Eg brukte Photofiltre og laga ein del utkast med ulik tjukkelse på strekane, ulike skrifttypar og fargar. Til slutt jobba eg litt meir med plasseringa i logoramma, slik at balansen på sida skulle bli omtrent slik eg ynskte.

lørdag 10. oktober 2009

Arbeidskrav I Oppgåve 2 - Komposisjon - Attraksjon

Refleksjon:
Objekta i komposisjonen er sett saman med tanke på å vise at det verkar krefter mellom formatavgrensingar og biletobjekt, og mellom dei ulike biletelementa.
Her er fire parallelle rekker med mindre objekt som er plasserte med stadig mindre avstand mellom kvart. Eg har med dette prøvd å illudere ein jamn straum av objekt med rørsleretning mot venstre, og med ei kraft som påverkar det største biletelementet. Krafta er størst øverst og samla kraft forplantar seg i det store rektangelet og søkjer å presse dette ut av likevekt og ut av biletflata-

Arbeidskrav I Oppgåve 2 - Komposisjon - Kontrast og djupne

Refleksjon:
Komposisjonen er sett saman av negative former på ei svart flate. Dei kvite objekta har to rammer, ei svart og brei, og ei smal, kvit ytterst. Den smale, kvite avgrensinga av kvart objekt er brukt for å visualisere ei overlapping. Biletobjekta er plasserte langs tenkte forsvinningslinjer for å illudere djupte i komposisjonen

Arbeidskrav I Oppgåve 2 - Komposisjon - Rytme



Refleksjon:
Komposisjonen er bygd opp av loddrette bordar der avstanden mellom dei repeteret objekta er eins. Frekvensen er jamn.
Her er to typar bordar som er sette saman på same måte, men som har ulik tyngde. Tyngdeverknaden er freista illudert ved bruk av mørk og lys farge, og ved at bordane har ulik størrelse på elementa.
Det symmetriske inntrykket er meint å skulle forsterke ei jamn rytme.

Arbeidskrav I Oppgåve 2 - Komposisjon - Rørsle

Refleksjon
Objekta er plasserte på biletflata for å illudere ein aktivitet, - ei rørsle. Objekta er repeterte og plasserte langs ei tenkt linje, i ei bane i bogeform for å skape ei kontinuerleg rørsle. Eg opplever at rørsleretninga er frå nedre avgrensing av formatet og opp og ut til høgre. Objekta i komposisjonen pressar på kvarandre i "svingen" og skyt fart ut av biletflata.

Arbeidskrav I Oppgåve 2 - Komposisjon - Balanse


Refleksjon:
Komposisjonen er eit forsøk på å skape balanse mellom objekta på biletflata. Det største objektet er plas­sert ut mot venstre kant av formatet for at kreftene skal skape ei dragning utover.
Dei fire mindre objekta har til saman same flate som det eine store. Dei er plasserte med noko avstand mellom kvarandre og skaper såleis eit tyngre visuelt inntrykk. Gruppa med objekt er difor trekte litt lenger inn på vektarmen for å skape balanse i komposisjonen.

tirsdag 6. oktober 2009

Arbeidskrav I - Oppgåve 2 - Komposisjon - 1: Harmoni

Refleksjon:
Målet med denne komposisjonen, var for meg å skape eit harmonisk uttrykk med PC som reiskap og med den geometriske forma, rektangel som einaste biletelement.
Eg valde ulike graderingar av svart, med bakgrunnen som det lysaste. Eg ville skape tyngde i botnen og valde difor ein bord, mørke "mursteinar", repeterte, sidestilte og forskyvd i forhold til kvarandre som i ein mur. Eg valde litt store former i botnen med sikte på å skape ei tryggleikskjensle hos den som ser.
Objekta har jamn frekvens, - også med sikte på å skape harmoni. Eg valde bevisst å unngå bruk av heilt svart, anna enn i ramma. Graderingane i biletelementa vert lysare oppover. Omlag to tredeler oppe i biletet laga eg ein bord av mindre og sidestilte rektangel, for å prøve å gje ein roleg og fredeleg assosiasjon, kanskje til ei horisontlinje.
Øverst i biletflata har eg plassert to lyse og symmetriske grupper av rektangel, ordna i to rekker med horisontal retning. Eg håpar med dette å gje ei oppleving av lette skyer.
Tanken er å gje sjåar ei trygg og enkel oppleving av harmoni ved repeterande bruk av same biletelement og nytte aktivitetar og relasjonar som understrekar bodskapen.

torsdag 24. september 2009

Å teikne det du ser: Eple og jif - flaske på svart kasse

Refleksjon pr. 24. september 2009
Under første del av oppgåva laga eg først konturlinjer, men måtte sjølvsagt arbeide med flatene for å formidle eit tredimensjonalt uttrykk.
Eg valde å arbeide med pensel, og svart og kvit maling for å få fram skuggeverknader og djupne i arbeidet mitt. Eg opplevde det vanskeleg å få til den avrunda forma på jif-flaska ved hjelp av pensel. Ein mjuk blyant vart difor brukt på flaska. Dette syntest for meg etter kvart nokså mislukka. Innhaldet i flaska er jo flytande og vil venteleg bli kommunisert betre med flytande farge. Eg har difor tenkt å arbeide vidare med maling sjølv om eg kjenner meg svært usikker med ”pensel i hand”. Kanskje eg då greier å få betre til graderte overgangar for å definere dei runde formene. Elles ser eg ser at flaska har fått litt for kort hals, at linjene i biletet ikkje er heilt rette og at skuggane….- vi får sjå om litt meir arbeid fører til eit betre resultat, eller meir ”klatting”.
Posted by Picasa

Arbeidskrav 1, OPPGÅVE 1 Visuelle verkemiddel og visuell bodskap

Refleksjon:
Det var utfordrande for meg å prøve å formidle det eg vanlegvis opplever med hudkontakt (mjuk, kvass) og høyrslesans (rytme, bråk) i visuelle uttrykk.

Eg formidlar klårast mjukt, mildt og bleikt meiningsinnhald med reiskapar som gjev mjuke strekar / flater. For dei to første adjektiva sin del (mjuk, mild) vil eg framheve funksjonar som balanse og harmoni.

Det rytmiske, kvasse, kontrastfylte og bråkete (rytme, kvass, kontrast, bråk) blir i mitt arbeid formidla tydelegare med hardare reiskapar der rytme og kontrast er sentrale funksjonar.

Størst utfordring for meg var å formidle det eg assosierer med sjukt, slapt og karakterlaust,- altså bleikt, - i motsetning til det lyse. Eg prøvde med mjuk blyant å formidle noko utflytande på ei elles ubrukt flate.
Posted by Picasa

Tilbake i kvardagen

Hei, og takk for kjekke og lærerike dagar på Sunnmøre! Eg ser på studieplanen at det ikkje blir problem med kva ein skal bruke ettermiddagane til framover.

For min del tenkjer eg meg at eg legg ut på bloggen arbeid / refleksjonar som eg ikkje nødvendigvis er ferdig med. Det er nyttig med tilbakemeldingar både på fotodokumentasjon og det skriftlege. For min del blir det å prøve seg fram når det gjeld eige arbeid med oppgåvene. Røynslene mine når det gjeld kunstnarlege uttrykk er ikkje mykje å skryte av!