fredag 30. april 2010

"11 arkitektar byggjer hus"


På heimesida til skulen vår, Angedalen skule, har eg lagt ut ein liten artikkel som viser "Garasjeoppgåva" vår i bruk i ei gruppe på 6./7. trinnet.


lørdag 24. april 2010

Arkitektur som tverrfagleg emne, lokal plan

Kort skisse for undervisningsopplegg

Arkitektur som tverrfagleg emne

Mellomtrinnet 6./7. steget. Angedalen skule,- (fådelt skule)

Fag:

Samfunnsfag (ca 6t), Natur og miljø(ca.6t), Kunst og handverk(ca. 60t) ), matematikk (ca.10t) , norsk(ca.10t), mat og helse (3.t) og musikk (ca. 5.t) til saman ca.100t.

Skulen si konkretisering (nedbryting) av kompetansemål i arkitektur-relaterte emne i dei ulike faga ligg i botnen for opplegget. Vil ikkje bruke plass på det i ei slik lita undervisningsskisse.

1) Motivasjonsfase:

a) Ei kort forteljing frå litteraturen

b) Bruke arbeidsbok i arkitektur og teikne / skrive kort om så mange ulike typar hus som mogleg: Felles brainstorming. Verktøy: ulike skjema (døme: Lotus, styrkenotat osv). Ein type hus pr. side/ dobbelside. Tips: Tenk på menneska gjennom tidene, dyr, ulike byggjematerialar, ulike byggjeteknikkar for å få eit hus til å tole ver og vind. Enkel, lira teikning og kort tekst som eit utgangspunkt. Vidare utfylling seinare i emnet.

2)Konkretisering. Utforsking

Finne døme på nokre av desse hustypane. Gåavstand i nærmiljøet (utforskingsfase). Ta bilete, lage skisser. Plassere skisser og bilete på aktuell side i arbeidsboka. (Aktuelle: Fuglereir, fugleholkar, hakkespetthol, kvernhus (grindbygg), tømmerhus, mursteinhus, hus i betong, hus med grunnmur /gavl i gråstein, reisverk m.m.

3) Gåtur i nærmiljøet

Tur til grindbygget (Restaurert kvernhus like ved skulen.) Teikne, lage intervju, foto. Etterarbeid i norsk, matematikk, mat og helse og samfunnsfag. Kornrelatert uv. i Mat og helse. Ta mål av kvernhuset. Teikne huset i målestokk.. Lage enkel etterlikning i 3D (sketchup) Teikne på papir/ evt. lage enkel kvernkall. Val i 3D-modellering: Kvernhuset eller eit fuglehus slik du vil ha det.

4) Teori:

Historiske grunntrekk i byggjestil / stilepokar, særtrekk i natur / landskap som har vore med og forma den lokale byggjeskikken.( Kunst og h.verk, natur og miljø,samf.fag)

5) Praktisk arkitektur på verkstad

Begynne på bygg (Tilrettelagd ”garasjeoppgåve” der elevane brukar utlevert teikning av enkel garasje, målsett med målestokk. Elevane gjer om til eigen enkel bustad, endrar målestokk og lagar ny arbeidsteikning. Like ytre mål. Byggjer med tilrettelagde materialar som for ein stor del lærar sagar i rette lengder. Kler ytre og indre veggar med sjølvvald materiale (teksturtenking)Lagar enkel innreiing (bord, stolar, lamper osv. i dertil eigna materialar (t.d. einer eller bjørk) Dei elevar som har lyst, modellerer huset sitt i Sketchup (mest heimearbeid) (Kunst og h.verk + eit par timar matematikk)

6) Besøk av eldre fagfolk

Besøk av byggmester (bruke foreldre/besteforeldre som er /har relevant erfaring. Presentere dei byggverka elevane held på med. Få respons.

7) Ekskursjon

Besøkje ulike typar hus (vekt på stilepokar) som finst i nærmiljøet og Førde sentrum (busstur). Besøkje arkitektkontor. Eigarane av bygga / arkitektar fortel. Besøkje sveitserhuset: ”Villa Solhaug”. Ta bilete, lage skisser av bygningsdetaljar , spesielt dekorelement. (Heil dag)

8) Etterarbeid etter ekskursjon

Bruke bilete og presentasjon av ”Villa Solhaug” som etterarbeid etter besøk. Vekt på konstruksjonsprinsipp, dekorelement, funksjon, stilepokar, estetikk i presentasjonen.

9) Eigne meiningar om estetikk og funksjonalitet

Elevane brukar pedagogiske verktøy (ulike skjema) i forarbeid til eigne tekstar (faktatekstar og tekstar der dei grunngjev synspunkt på estetikk og funksjonalitet. Utgangspunktet kan vere den kjensgjerning at Førde i ei noko useriøs avstemning vart kåra til Noregs styggaste by for nokre år sidan…. Invitere t.d. utval for byfornying og andre til utstilling. (Dei kjem nok om dei blir spurde) Norsk og samf.fag)

10) Eiga utstilling

Elevane lagar si eiga utstilling av tekstar og bilete, arbeidsbøker, sjølvbygde husmodellar, gjerne også kombinert med eldre byggjereiskapar som familiane har på garden. Invitere heimane til utstilling og fest. Song og musikkinnslag som gir tilskot til emnet arkitektur. Skulen har tidlegare arrangert og stått for det faglege innhaldet i møte i det lokale historielaget i Førde. Dette kan gjerast igjen. Tema t.d: ”Lokal arkitektur sett gjennom barneauge”.

11) Etterarbeid:

a) Norskfaget gjev rom for fleire typar tekstskriving: Intervju, faktatekstar, meiningsinnlegg, fantasitekstar (Kvar haust høyrer dei merkelege lydar på høgeloftet i ”Villa Solhaug”)

a) Evaluering av emneopplegg: Skjema og samtale.

b) Evaluering av læring: Nytte skulen sitt system (Målark i dei aktuelle læringområda innan kvart fag) Kvar elev legg noko av arbeidet (Målark, tekstar, teikningar, foto mm.) inn i sin portfolioperm / digitale portfoliomappe.

Leksjon 6: "Vil du høyre livshistoria mi?"

Dette førebelse oppgåvesvaret er publisert i sjangeren artikkel. Programmet som er brukt: Adobe Indesign, som er eit tekst/bilete-redigeringsprogram. For å kunne gjere artikkelen tilgjengeleg for andre enn dei som har dette programmet på si maskin, måtte eg eksportere til Pdf, lavoppløyseleg fil og så lagre kvar side som bilete for å få det publisert på bloggen. Sikkert tungvint, men eg gjorde det slik for å få betre kontroll over layout i artikkelen, -tekstredigeringa, bilettekstar osv.















Eit utkast til oppgåvesvar i leksjon 6

mandag 12. april 2010

Leksjon 4 Digital konstruksjon

Slik,- då er bileta på plass. Takk til Kjell!














Eg starta for nokre veker sidan med friskt mot med tanke på å modellere bustadhuset vårt i Sketchup, men oppdaga etter kvart at her var utruleg mange vanskelege vinklar. Eg gjekk deretter over på skulebygningen. (avbilda). Ein lærerik prosess der eg har gjort meg ein del refleksjonar:





1) Det er ei flott oppgåve for eldste trinn i barneskulen å ta bilete av hus, lagre og bruke biletet som utgangspunkt for arbeid i Sketchup.





2) Huset må vere særdeles enkelt bygd, -leikehytte, pumpehus, utløe, fuglehus eller liknande.





3) Videkanon er eit bra undervisningsmiddel i startfasen.





4) Arbeid i Sketchup krev nær oppfølging av den enkelte elev.










Då eg skulle lagre som anvist i leksjonen, fekk eg feilmelding (bug splot) i programmet. Det same var tilfelle då eg prøvde å lagre det som film (etter Lilja si anvisning). Sketchupmodellen min let seg kort sagt ikkje eksportere. Antiklimaks!





Prøver å sende den som vedlegg på E-post til Kjell / Torbjørn.