tirsdag 23. februar 2010

Presentasjon av teksturprøver

Etter å ha lese gjennom leksjonen /oppgåva om tekstur, melder følgjande tankar som gjeld oppgåveløysing seg:
  • Montere teksturprøver på t.d 10x10 cm t.d på ei svartmåla bjørkefinerplate på noko størrelse: 40x50 cm for at platene kunne vere dekorelement på formingsrommet, altså ikkje ligg gøymt i ei kasse mellom kvar gong ein "har bruk for det."
  • All info må då vere på baksida. Det meiner eg den uansett bør vere. Spennande for elevar å lure på kva dette er. Korleis er denne ruta laga?
  • På vår skule har vi steinsag / slipeutstyr. Kva med å skjere tynne lag av marmor, kvarts osv,- montere på plexiglas el.l. og lyssette i ei lyskasse på veggen. Prøvene er jo delvis gjennomsiktige. Fin effekt. Liknande prøver kan gjerast av anna materiale som slepper lys gjennom (tynt tre av ulike slag)
  • Lage bilete / teksturprøver der symaskina er brukt som teiknereiskap. Kan monterast på vindauge eller henge fritt i rommet.
  • Elles melder jo det seg ein sterk tanke om at her ( i vår studiesamanheng) må arbeidet avgrensast i omfang.
  • I barneskulen ( der eg jobbar) er det lite poeng i detaljerte forklaringar på kvar prøve. Dette må vere veldig enkelt. Døme: Einer,-, endeved glattpussa. Kva fortel årringane? Kjenn på lukta!
  • Bør kanskje bruke forskj. materiale som bakgrunn / underlag alt etter om det er teksturar på stoff, stein, tre, papir eller anna vi vil vise?

lørdag 20. februar 2010

Heimeoppgåve 3


Arbeidsteikning av fuglehuset i oppg. 2

Eg har ikkje kome fram til nokon fornuftig løysing for samanføying når alle sagsnitt skal vere i 90 grader. Eg står fast og blir lett sur viss eg må prøve ein gong til. Forslag?

Heimeoppgåve 2


Fuglehus med to etasjar
Plagdest litt med takvinkelen (Laga først ei teikning med vinkel i mønet på 45 grader) Det huset vart for så vidt ganske fint. Laga så eit styggare med takvinkel på 45 grader. Det er avbilda her.

Heimeoppgåve 1


Hus med vindauge