tirsdag 6. oktober 2009

Arbeidskrav I - Oppgåve 2 - Komposisjon - 1: Harmoni

Refleksjon:
Målet med denne komposisjonen, var for meg å skape eit harmonisk uttrykk med PC som reiskap og med den geometriske forma, rektangel som einaste biletelement.
Eg valde ulike graderingar av svart, med bakgrunnen som det lysaste. Eg ville skape tyngde i botnen og valde difor ein bord, mørke "mursteinar", repeterte, sidestilte og forskyvd i forhold til kvarandre som i ein mur. Eg valde litt store former i botnen med sikte på å skape ei tryggleikskjensle hos den som ser.
Objekta har jamn frekvens, - også med sikte på å skape harmoni. Eg valde bevisst å unngå bruk av heilt svart, anna enn i ramma. Graderingane i biletelementa vert lysare oppover. Omlag to tredeler oppe i biletet laga eg ein bord av mindre og sidestilte rektangel, for å prøve å gje ein roleg og fredeleg assosiasjon, kanskje til ei horisontlinje.
Øverst i biletflata har eg plassert to lyse og symmetriske grupper av rektangel, ordna i to rekker med horisontal retning. Eg håpar med dette å gje ei oppleving av lette skyer.
Tanken er å gje sjåar ei trygg og enkel oppleving av harmoni ved repeterande bruk av same biletelement og nytte aktivitetar og relasjonar som understrekar bodskapen.

3 kommentarer:

  1. Hei Reidar!
    Eg syns dette var ein spennande måte å løyse oppgåva på. Eg for min del har lite erfaring med å nytte pc på denne måten. Vert spennande å sjå resten :)
    Elles håpar eg jubileet var vellukka, og at du har gløymt mykje av den frustrasjonen eg lira av meg på heimvegen,- tok litt av ja .. ;)

    SvarSlett
  2. Så flink du har vært!! Du er jo kommet kjempelangt. Jeg synes dette ser veldig spennende ut. Hvilke redskaper på PCén har du brukt? PhotoFilter? Jeg prøver også å bruke PC for å løse denne oppgaven, men har ikke funnet helt "min stil" enda. Lykke til videre :)

    SvarSlett
  3. Eg har brukt eit adobeprogram: Indesign

    SvarSlett