onsdag 18. november 2009

Foreldreposter


Denne foreldreposteren skal brukast i desember etter ein periode med digital bildebehandling i Kunst og handverk i 6. og 7. klasse.Målgruppa er kjent, - foreldra. Bilete av eigne born på plakaten gir gjenkjenning og interesse for å sjå nærare på "kva dette er for noko".Eg har valt gradert grå bakgrunn med kvit skrift ("Hurry up") fordi eg brukar fargebilete på plakaten. Plakaten speglar temaet for kosekvelden og har som mål å seie noko om det elevane har jobba med på skulen samtidig som den sjølvsagt skal gje foreldra lyst til å kome.

3 kommentarer:

  1. Så fine fontar du har funne! Plassering tekst/bilete balanserer godt (ramme nedst til høgre bryt med resten av oppsettet, er dette tilsikta?), informativ, og er samstundes blikkfang. Foreldra får sikkert lyst å kome :-)

    SvarSlett
  2. På PDF-versjonen til Fronter har eg tatt vekk den store pila i ramma nederst til høgre og justert ramma slik at høgrekant blir lik høgrekant i bilderekka over. (Altså var det ikkje tilsikta:)
    Fonten (Hurry Up valde eg fordi eg ville ha ein skrifttype som er tydeleg på plakat og samtidig vise elevar og foreldre at ein kan bruke andre skrifteffektar på ei side enn dei som ligg i "WordArt". (Dei er eg som lærar dyktig lei!)Eg syns dessutan at fonten kommuniserer litt "artisteri",- trylling..

    SvarSlett
  3. Hei Reidar !
    Eg er imponert over kor fine løysingar du kjem fram til. Du får det bra til med eing gong du ! Takk for at du kommenterte plakatane mine.No er det siste innspurt som står at, det skal bli godt å komme i mål. Det har vore ein kjekk men travel haust. Det skal bli godt å sjå dokke igjenn etter jul !!!! Vi "snakkast"

    SvarSlett