torsdag 17. juni 2010
mandag 10. mai 2010
Leksjon 4 - Digital konstruksjon i #D med Google sketchup
søndag 2. mai 2010
Leksjon 5: "fasaden min"
Fasasen min vert ein fasade med utgangspunkt i sveitserhuset eg har jobba med tidlegare. Eg brukar element frå huset og lagar ei ny fasadeløysing der eg prøver å få fram stiltypiske element både når det gjeld dekor og heilskapeleg uttrykk.
Eg har laga mange skisser i planarbeidet og har bestemte tankar for korleis dette skal sjå ut til slutt.
Eg lagar først ein enkel modell i papp i målestokk 1:30 for betre å kunne vurdere heilskapeleg uttrykk. Her vert det sparsamt med dekordetaljar.
Etterpå vil eg bygge fasaden på lekter,- bordkledning og etterpå ta nøyaktige mål for produsering og montering av dekorelement. (Eg tvilar på om dekorelementa på sveitsarhus var førehandsproduserte ut frå ferdige målsette teikningar og så sett rett på huset utan tilpassing)
Dekorelementa vil på grunn av ein nokså liten modell, bli noko forenkla i høve den rikt "utsmykka" sveitserstilen.
Arbeidsbok
Eg lagar ei arbeidsbok i "Adobe indesign" med tekst, skisser, arbeidsteikningar, VP og PP, biletdokumentasjon og ev. sketchupbilete viss eg finn at eg i planfasen kjem lenger med 3d i tillegg til vanlege arbeidsteikningar. Trykking / utskrift på fotopapir. Fomat: "Landscape" ca 210*200mm
fredag 30. april 2010
"11 arkitektar byggjer hus"
lørdag 24. april 2010
Arkitektur som tverrfagleg emne, lokal plan
Kort skisse for undervisningsopplegg
Arkitektur som tverrfagleg emne
Mellomtrinnet 6./7. steget. Angedalen skule,- (fådelt skule)
Fag:
Samfunnsfag (ca 6t), Natur og miljø(ca.6t), Kunst og handverk(ca. 60t) ), matematikk (ca.10t) , norsk(ca.10t), mat og helse (3.t) og musikk (ca. 5.t) til saman ca.100t.
Skulen si konkretisering (nedbryting) av kompetansemål i arkitektur-relaterte emne i dei ulike faga ligg i botnen for opplegget. Vil ikkje bruke plass på det i ei slik lita undervisningsskisse.
1) Motivasjonsfase:
a) Ei kort forteljing frå litteraturen
b) Bruke arbeidsbok i arkitektur og teikne / skrive kort om så mange ulike typar hus som mogleg: Felles brainstorming. Verktøy: ulike skjema (døme: Lotus, styrkenotat osv). Ein type hus pr. side/ dobbelside. Tips: Tenk på menneska gjennom tidene, dyr, ulike byggjematerialar, ulike byggjeteknikkar for å få eit hus til å tole ver og vind. Enkel, lira teikning og kort tekst som eit utgangspunkt. Vidare utfylling seinare i emnet.
2)Konkretisering. Utforsking
Finne døme på nokre av desse hustypane. Gåavstand i nærmiljøet (utforskingsfase). Ta bilete, lage skisser. Plassere skisser og bilete på aktuell side i arbeidsboka. (Aktuelle: Fuglereir, fugleholkar, hakkespetthol, kvernhus (grindbygg), tømmerhus, mursteinhus, hus i betong, hus med grunnmur /gavl i gråstein, reisverk m.m.
3) Gåtur i nærmiljøet
Tur til grindbygget (Restaurert kvernhus like ved skulen.) Teikne, lage intervju, foto. Etterarbeid i norsk, matematikk, mat og helse og samfunnsfag. Kornrelatert uv. i Mat og helse. Ta mål av kvernhuset. Teikne huset i målestokk.. Lage enkel etterlikning i 3D (sketchup) Teikne på papir/ evt. lage enkel kvernkall. Val i 3D-modellering: Kvernhuset eller eit fuglehus slik du vil ha det.
4) Teori:
Historiske grunntrekk i byggjestil / stilepokar, særtrekk i natur / landskap som har vore med og forma den lokale byggjeskikken.( Kunst og h.verk, natur og miljø,samf.fag)
5) Praktisk arkitektur på verkstad
Begynne på bygg (Tilrettelagd ”garasjeoppgåve” der elevane brukar utlevert teikning av enkel garasje, målsett med målestokk. Elevane gjer om til eigen enkel bustad, endrar målestokk og lagar ny arbeidsteikning. Like ytre mål. Byggjer med tilrettelagde materialar som for ein stor del lærar sagar i rette lengder. Kler ytre og indre veggar med sjølvvald materiale (teksturtenking)Lagar enkel innreiing (bord, stolar, lamper osv. i dertil eigna materialar (t.d. einer eller bjørk) Dei elevar som har lyst, modellerer huset sitt i Sketchup (mest heimearbeid) (Kunst og h.verk + eit par timar matematikk)
6) Besøk av eldre fagfolk
Besøk av byggmester (bruke foreldre/besteforeldre som er /har relevant erfaring. Presentere dei byggverka elevane held på med. Få respons.
7) Ekskursjon
Besøkje ulike typar hus (vekt på stilepokar) som finst i nærmiljøet og Førde sentrum (busstur). Besøkje arkitektkontor. Eigarane av bygga / arkitektar fortel. Besøkje sveitserhuset: ”Villa Solhaug”. Ta bilete, lage skisser av bygningsdetaljar , spesielt dekorelement. (Heil dag)
8) Etterarbeid etter ekskursjon
Bruke bilete og presentasjon av ”Villa Solhaug” som etterarbeid etter besøk. Vekt på konstruksjonsprinsipp, dekorelement, funksjon, stilepokar, estetikk i presentasjonen.
9) Eigne meiningar om estetikk og funksjonalitet
Elevane brukar pedagogiske verktøy (ulike skjema) i forarbeid til eigne tekstar (faktatekstar og tekstar der dei grunngjev synspunkt på estetikk og funksjonalitet. Utgangspunktet kan vere den kjensgjerning at Førde i ei noko useriøs avstemning vart kåra til Noregs styggaste by for nokre år sidan…. Invitere t.d. utval for byfornying og andre til utstilling. (Dei kjem nok om dei blir spurde) Norsk og samf.fag)
10) Eiga utstilling
Elevane lagar si eiga utstilling av tekstar og bilete, arbeidsbøker, sjølvbygde husmodellar, gjerne også kombinert med eldre byggjereiskapar som familiane har på garden. Invitere heimane til utstilling og fest. Song og musikkinnslag som gir tilskot til emnet arkitektur. Skulen har tidlegare arrangert og stått for det faglege innhaldet i møte i det lokale historielaget i Førde. Dette kan gjerast igjen. Tema t.d: ”Lokal arkitektur sett gjennom barneauge”.
11) Etterarbeid:
a) Norskfaget gjev rom for fleire typar tekstskriving: Intervju, faktatekstar, meiningsinnlegg, fantasitekstar (Kvar haust høyrer dei merkelege lydar på høgeloftet i ”Villa Solhaug”)
a) Evaluering av emneopplegg: Skjema og samtale.
b) Evaluering av læring: Nytte skulen sitt system (Målark i dei aktuelle læringområda innan kvart fag) Kvar elev legg noko av arbeidet (Målark, tekstar, teikningar, foto mm.) inn i sin portfolioperm / digitale portfoliomappe.