mandag 10. mai 2010

Leksjon 4 - Digital konstruksjon i #D med Google sketchup



Refleksjon: Dette har vore ei lærerik utprøving av eit verktøy som m-a. kan gje meirverdi i arbeidet med å nå måla i undervisninga i arkitektur i Koh.
Sidan skulen vår ikkje ligg inne i "Kart i skolen" (skulenamnet ligg der, men teiknig og plassering er feil) gjorde eg dei ytre måla manuelt og reiste så bygget i Sketchup utan å ta med innvendige løysingar. Målet mitt var å gjere meg erfaringar med dei ulike verktøya innan programmet.
Eg erfarte tidleg i prosessen (etter å ha gitt meg på eit - for meg - vanskeleg hus) at det er viktig å starte med eit enkle prosjekt i skulen. Eg trur elevane vil ha større glede = motivasjon til å lære meir viss dei startar med enkle former, som t.d. fuglehus, foringsbrett, leikehytte, utløer, pumpehus, stabbur el.l.

Undervegs prøvde eg m.a. ut å plassere objekt inn i min modell og bruke foto som tekstur. I innleveringa er bordkledning laga manuelt, kopiert og dekka flater med. Fototeksturane vart ikkje beine pga for dårleg fotomateriale. Eg brukte difor teksturar so ligg i Sketchup.

Etter å ha lansert og prøvd programmet i klasserommet, ser eg at ein del 7.klasseelevar raskt meistrar programmet så godt at dei held fram på eiga hand, men at individuell rettleiing, gjerne i kombinasjon med bruk av videokanon for heil klasse, er heilt naudsynt i den første fasen i bruken av dette programmet i undervisninga.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar