søndag 2. mai 2010

Leksjon 5: "fasaden min"

Rosa lappar fungerer godt for meg, men eg torer vel ikkje å ta det med i prosessdokumentasjonen min, sjølv om min prosess gjerne kan sjå slik ut til tider. :-)















Tankar om prosess
Fasasen min vert ein fasade med utgangspunkt i sveitserhuset eg har jobba med tidlegare. Eg brukar element frå huset og lagar ei ny fasadeløysing der eg prøver å få fram stiltypiske element både når det gjeld dekor og heilskapeleg uttrykk.

Eg har laga mange skisser i planarbeidet og har bestemte tankar for korleis dette skal sjå ut til slutt.

Eg lagar først ein enkel modell i papp i målestokk 1:30 for betre å kunne vurdere heilskapeleg uttrykk. Her vert det sparsamt med dekordetaljar.

Etterpå vil eg bygge fasaden på lekter,- bordkledning og etterpå ta nøyaktige mål for produsering og montering av dekorelement. (Eg tvilar på om dekorelementa på sveitsarhus var førehandsproduserte ut frå ferdige målsette teikningar og så sett rett på huset utan tilpassing)

Dekorelementa vil på grunn av ein nokså liten modell, bli noko forenkla i høve den rikt "utsmykka" sveitserstilen.

Arbeidsbok
Eg lagar ei arbeidsbok i "Adobe indesign" med tekst, skisser, arbeidsteikningar, VP og PP, biletdokumentasjon og ev. sketchupbilete viss eg finn at eg i planfasen kjem lenger med 3d i tillegg til vanlege arbeidsteikningar. Trykking / utskrift på fotopapir. Fomat: "Landscape" ca 210*200mm

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar