torsdag 4. mars 2010

Leksjon 1, heimeoppgåve 4


Garasje, plan

Garasjen ser ut til å vere isolert bra (15cm vegger). Eg vel å utvide garasjen littegrann ved å ta vekk garasjeporten og kjøpe eit vinterhagesett (isolerte element) Før det har eg støypt golv på tilbygget og legg varmekablar i heile garasjen og sler på avrettingsmasse, legg parkett og set i gang med å setje inn fleire vindauge, samt dele av arealet i gang / vindfang, kjøkken, bad, soverom og stove. Alt blir litt lite, men stort nok også for eit lite studieår. Senga er på berre 120 cm,- også det stort nok når fruen kjem på besøk. Skap og møblar er heimelaga der standardmål ikkje er mogleg.

Stresslessen med skammel er plassert ved dei store skyvedørene og kan lett flyttast ut mot den fleksible vinterhagen. Denne er i lett demonterbare element. Praktisk i varme vårmånader og nødvendig for å få godkjent bruksendring på garasjen. Må seie eg er imponert over etat for bustadgodkjenning i Volda. Det ser ikkje ut til å vere nei i deira munn. Her skal eg nok trivast, - ei tid

2 kommentarer:

  1. Hei. Det var en gøy oppgave det her. Vinterhage høres ikke så verst ut:) Du har tenkt på varmekabler i gulvet, det var lurt.

    SvarSlett
  2. Hei Reidar ! Her har du fått mykje ut av ditt vesle krypinn. Ser du brukar oppgåvene med klassa di, noko som sikkert gjer oppgåvene meir spanande for deg og. Dei unge tenkjer annleis enn oss !

    SvarSlett