torsdag 17. juni 2010
mandag 10. mai 2010
Leksjon 4 - Digital konstruksjon i #D med Google sketchup
søndag 2. mai 2010
Leksjon 5: "fasaden min"
Fasasen min vert ein fasade med utgangspunkt i sveitserhuset eg har jobba med tidlegare. Eg brukar element frå huset og lagar ei ny fasadeløysing der eg prøver å få fram stiltypiske element både når det gjeld dekor og heilskapeleg uttrykk.
Eg har laga mange skisser i planarbeidet og har bestemte tankar for korleis dette skal sjå ut til slutt.
Eg lagar først ein enkel modell i papp i målestokk 1:30 for betre å kunne vurdere heilskapeleg uttrykk. Her vert det sparsamt med dekordetaljar.
Etterpå vil eg bygge fasaden på lekter,- bordkledning og etterpå ta nøyaktige mål for produsering og montering av dekorelement. (Eg tvilar på om dekorelementa på sveitsarhus var førehandsproduserte ut frå ferdige målsette teikningar og så sett rett på huset utan tilpassing)
Dekorelementa vil på grunn av ein nokså liten modell, bli noko forenkla i høve den rikt "utsmykka" sveitserstilen.
Arbeidsbok
Eg lagar ei arbeidsbok i "Adobe indesign" med tekst, skisser, arbeidsteikningar, VP og PP, biletdokumentasjon og ev. sketchupbilete viss eg finn at eg i planfasen kjem lenger med 3d i tillegg til vanlege arbeidsteikningar. Trykking / utskrift på fotopapir. Fomat: "Landscape" ca 210*200mm
fredag 30. april 2010
"11 arkitektar byggjer hus"
lørdag 24. april 2010
Arkitektur som tverrfagleg emne, lokal plan
Kort skisse for undervisningsopplegg
Arkitektur som tverrfagleg emne
Mellomtrinnet 6./7. steget. Angedalen skule,- (fådelt skule)
Fag:
Samfunnsfag (ca 6t), Natur og miljø(ca.6t), Kunst og handverk(ca. 60t) ), matematikk (ca.10t) , norsk(ca.10t), mat og helse (3.t) og musikk (ca. 5.t) til saman ca.100t.
Skulen si konkretisering (nedbryting) av kompetansemål i arkitektur-relaterte emne i dei ulike faga ligg i botnen for opplegget. Vil ikkje bruke plass på det i ei slik lita undervisningsskisse.
1) Motivasjonsfase:
a) Ei kort forteljing frå litteraturen
b) Bruke arbeidsbok i arkitektur og teikne / skrive kort om så mange ulike typar hus som mogleg: Felles brainstorming. Verktøy: ulike skjema (døme: Lotus, styrkenotat osv). Ein type hus pr. side/ dobbelside. Tips: Tenk på menneska gjennom tidene, dyr, ulike byggjematerialar, ulike byggjeteknikkar for å få eit hus til å tole ver og vind. Enkel, lira teikning og kort tekst som eit utgangspunkt. Vidare utfylling seinare i emnet.
2)Konkretisering. Utforsking
Finne døme på nokre av desse hustypane. Gåavstand i nærmiljøet (utforskingsfase). Ta bilete, lage skisser. Plassere skisser og bilete på aktuell side i arbeidsboka. (Aktuelle: Fuglereir, fugleholkar, hakkespetthol, kvernhus (grindbygg), tømmerhus, mursteinhus, hus i betong, hus med grunnmur /gavl i gråstein, reisverk m.m.
3) Gåtur i nærmiljøet
Tur til grindbygget (Restaurert kvernhus like ved skulen.) Teikne, lage intervju, foto. Etterarbeid i norsk, matematikk, mat og helse og samfunnsfag. Kornrelatert uv. i Mat og helse. Ta mål av kvernhuset. Teikne huset i målestokk.. Lage enkel etterlikning i 3D (sketchup) Teikne på papir/ evt. lage enkel kvernkall. Val i 3D-modellering: Kvernhuset eller eit fuglehus slik du vil ha det.
4) Teori:
Historiske grunntrekk i byggjestil / stilepokar, særtrekk i natur / landskap som har vore med og forma den lokale byggjeskikken.( Kunst og h.verk, natur og miljø,samf.fag)
5) Praktisk arkitektur på verkstad
Begynne på bygg (Tilrettelagd ”garasjeoppgåve” der elevane brukar utlevert teikning av enkel garasje, målsett med målestokk. Elevane gjer om til eigen enkel bustad, endrar målestokk og lagar ny arbeidsteikning. Like ytre mål. Byggjer med tilrettelagde materialar som for ein stor del lærar sagar i rette lengder. Kler ytre og indre veggar med sjølvvald materiale (teksturtenking)Lagar enkel innreiing (bord, stolar, lamper osv. i dertil eigna materialar (t.d. einer eller bjørk) Dei elevar som har lyst, modellerer huset sitt i Sketchup (mest heimearbeid) (Kunst og h.verk + eit par timar matematikk)
6) Besøk av eldre fagfolk
Besøk av byggmester (bruke foreldre/besteforeldre som er /har relevant erfaring. Presentere dei byggverka elevane held på med. Få respons.
7) Ekskursjon
Besøkje ulike typar hus (vekt på stilepokar) som finst i nærmiljøet og Førde sentrum (busstur). Besøkje arkitektkontor. Eigarane av bygga / arkitektar fortel. Besøkje sveitserhuset: ”Villa Solhaug”. Ta bilete, lage skisser av bygningsdetaljar , spesielt dekorelement. (Heil dag)
8) Etterarbeid etter ekskursjon
Bruke bilete og presentasjon av ”Villa Solhaug” som etterarbeid etter besøk. Vekt på konstruksjonsprinsipp, dekorelement, funksjon, stilepokar, estetikk i presentasjonen.
9) Eigne meiningar om estetikk og funksjonalitet
Elevane brukar pedagogiske verktøy (ulike skjema) i forarbeid til eigne tekstar (faktatekstar og tekstar der dei grunngjev synspunkt på estetikk og funksjonalitet. Utgangspunktet kan vere den kjensgjerning at Førde i ei noko useriøs avstemning vart kåra til Noregs styggaste by for nokre år sidan…. Invitere t.d. utval for byfornying og andre til utstilling. (Dei kjem nok om dei blir spurde) Norsk og samf.fag)
10) Eiga utstilling
Elevane lagar si eiga utstilling av tekstar og bilete, arbeidsbøker, sjølvbygde husmodellar, gjerne også kombinert med eldre byggjereiskapar som familiane har på garden. Invitere heimane til utstilling og fest. Song og musikkinnslag som gir tilskot til emnet arkitektur. Skulen har tidlegare arrangert og stått for det faglege innhaldet i møte i det lokale historielaget i Førde. Dette kan gjerast igjen. Tema t.d: ”Lokal arkitektur sett gjennom barneauge”.
11) Etterarbeid:
a) Norskfaget gjev rom for fleire typar tekstskriving: Intervju, faktatekstar, meiningsinnlegg, fantasitekstar (Kvar haust høyrer dei merkelege lydar på høgeloftet i ”Villa Solhaug”)
a) Evaluering av emneopplegg: Skjema og samtale.
b) Evaluering av læring: Nytte skulen sitt system (Målark i dei aktuelle læringområda innan kvart fag) Kvar elev legg noko av arbeidet (Målark, tekstar, teikningar, foto mm.) inn i sin portfolioperm / digitale portfoliomappe.
Leksjon 6: "Vil du høyre livshistoria mi?"
mandag 12. april 2010
Leksjon 4 Digital konstruksjon
torsdag 25. mars 2010
Sjå diskusjonsforum på Fronter
Leksjon 2, Nokre refleksjonar i forhold til presentasjon av materialprøver
torsdag 18. mars 2010
Leksjon 3. oppgåve 2
Leksjon 3, oppgåve 4
torsdag 4. mars 2010
Utprøving i undervisning
Elevane lagar no skisser før dei skal lage seg ei arbeidsteikning med bruk av målestokk, truleg 1:25. Seinare skal dei lage bustaden. Eg tenkte at dei kanskje kunne lage bygget som gruppearbeid, men, nei,- dei ville lage kvart sitt hus. Brukar då kryssfiner til botn, stenderverk i list, Biltema oppfyringspinnar til utvendig paneling mm. + papp, tapet,- ymse overflater inne. Her trengst det lim, mykje lim
Første to timane gjekk som ein røyk.
Leksjon 1, heimeoppgåve 4
mandag 1. mars 2010
Arkitektur - Leksjon 1 - del av oppgåve 5
Etter 4. årstrinn skal elevane m.a. kunne planlegge og bygge modellar av hus og rom ved hjelp av digitale verktøy og enkle handverksteknikkarDei skal dessutan kunne teikne hus og rom sett rett ovanfrå, rett framanfrå og rett fra sida.
Etter 7. årstrinn skal elevane m.a. kunne byggje modellar av hus i målestokk med utgangspunkt i eigne arbeidsteikningar. Dei skal også få montere utstillingar og andre presentasjonar i ulike typar rom.Dei skal studere og vurdere ulike typar hus og bruken av desse i nærmiljøet.
I faga matematikk skal elevane etter kvart kunne bruke måleeiningar og målestokk rett. I norskfaget skal elevane kunne gjere greie for tankar og idéar skriftleg. Dei skal kunne skrive rapport over ein arbeidsprosess og utvikle fantasi og skaparevne.
I samfunnsfag og naturfag finn vi fagmål som går på lokal arkitektur og bruk av naturmateriale i ein skapingsprosess.
Det er innlysande at ei oppgåve liknande som ”garasjeoppgåva” vil vere medverkande til å kunne oppnå dei faglege måla. Spesielt trur eg det er svært lærerikt for elevane å jobbe med ”teori”, dvs. matematikk, norsksjangrar og handverksteknikk i samband med praktiske oppgåver som denne. Slike oppgåver gjev også sterkt rom for kreativitet og til øving i munnleg samtale om faglege problem.
tirsdag 23. februar 2010
Presentasjon av teksturprøver
- Montere teksturprøver på t.d 10x10 cm t.d på ei svartmåla bjørkefinerplate på noko størrelse: 40x50 cm for at platene kunne vere dekorelement på formingsrommet, altså ikkje ligg gøymt i ei kasse mellom kvar gong ein "har bruk for det."
- All info må då vere på baksida. Det meiner eg den uansett bør vere. Spennande for elevar å lure på kva dette er. Korleis er denne ruta laga?
- På vår skule har vi steinsag / slipeutstyr. Kva med å skjere tynne lag av marmor, kvarts osv,- montere på plexiglas el.l. og lyssette i ei lyskasse på veggen. Prøvene er jo delvis gjennomsiktige. Fin effekt. Liknande prøver kan gjerast av anna materiale som slepper lys gjennom (tynt tre av ulike slag)
- Lage bilete / teksturprøver der symaskina er brukt som teiknereiskap. Kan monterast på vindauge eller henge fritt i rommet.
- Elles melder jo det seg ein sterk tanke om at her ( i vår studiesamanheng) må arbeidet avgrensast i omfang.
- I barneskulen ( der eg jobbar) er det lite poeng i detaljerte forklaringar på kvar prøve. Dette må vere veldig enkelt. Døme: Einer,-, endeved glattpussa. Kva fortel årringane? Kjenn på lukta!
- Bør kanskje bruke forskj. materiale som bakgrunn / underlag alt etter om det er teksturar på stoff, stein, tre, papir eller anna vi vil vise?